Google Website Translator Gadget

fredag 29. oktober 2010

Bil og bilskilt...

Eg har tidlegare nemnd i saka om bil og trafikk at eg har sett politibilar i La Paz køyre utan registreringsnummer. Eg spurde spansklæraren min kvifor det er slik, og fekk til svar at politiet ikkje treng skilt fordi det er dei som passar på at lovene blir fulgt. 


Då eg denne veka var i Caranavi, var det nesten fleire bilar utan skilt enn det var med. På sett og vis eit slags ville vesten, der det skjer litt forskjellig, og kor folket har sine metodar...

For vel eit år sidan var det uro som førte til at politiet forsvann ut av byen. Og då vart også politiskulen i Caranavi stengd. I lengre tid har området vore utan politi, og dermed har det heller ikkje vore nødvendig for folk å tenke på at bilen skal ha skilt med registreringsnummer. Bilen går jo like godt utan...  Og når politiet som skal handheve lova ikkje er tilstades, kan det sjå ut som folket gjer ting på sin eigen måte.

Sjølv om politiet no har komme tilbake var dei ikkje synlege i gatebilete dei dagane eg var der. Og bilar utan skilt såg eg både her og der...

Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS