Google Website Translator Gadget

fredag 15. oktober 2010

Bil og trafikk...

Grå mini og blå micro side om side
Som nordmann møter eg store forskjellar med tanke på bil og trafikktilhøva her i landet. Berre det å krysse ei gate kan vere eit større prosjekt. Pass deg for bilane, og sjå deg til høgre og venstre mange gonger. For her er det ikkje slik at bilane stoppar for å sleppe fotgjengarane over vegen...


Denne veka har eg sett to politibilar utan skilt med registreringsnummer. Det skurrar litt i mitt hovud. Er det slik at dei som skal handheve loven ikkje sjølv treng å følgje loven? Eg har tidlegare sett bilar, eller mest minibussar, utan registrering, men politibilar er litt meir spesielt. For alt eg veit kan det ha vore den same bilen eg har sett to dagar, sjølv om det gjerne skal litt til.

Kollektivtransporten her fungerar ganske så bra, sjølv om det er uvisst når micro eller minibussen kjem. Her køyrer masse Toyota Transit med plass til 14-15 passasjerar i rutetrafikk. Og i døra sit ofte ein innropar, som skrik ut kor dei skal og kva turen då kostar. Vanleg pris er mellom 1 og 2,50 Bolivianos. Det avheng noko av kor langt du skal og kva tid på døgnet det er. Kursen for 1 Bolivianos ligg på mellom 0,80 og 0,90 norske kroner. Det går også an å ta micro, og det er sånne gamle skulebussar som ein har sett på film frå USA. Dei har fast pris og kostar 1 Bolivianos uansett kva tid på døgnet det er.

Det å reise kollektivt med mini frå Casa Alianza og oppover til El Alto er ein opplevelse i seg sjølv. Eg har reist nokon turar slik, og det fungerar bra. Ein må berre rekne litt god tid, i tilfelle ein ikkje finn ein mini med ein gong. Og når det først kjem ein, så kan det hende at det kjem ein like etterpå. Så det er ikkje noko fast mønster eller system på dette. Her kjem bussen når den kjem, og sidan det er mange som køyrer slik er det ikkje så ofte ein må vente veldig lenge.

Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS