Google Website Translator Gadget

søndag 10. oktober 2010

Bolivia - eit land vi ikkje høyrer om i Norge?

Plaza Morillo utanfor nasjonalforsamlinga i Bolivia.
Noko av det første eg som voluntør fekk vite om Bolivia denne hausten var at landet låg på 113. plass på FN sin "Human Development Index" i år 2009. Norge låg det året på 1. plass.... 

Sjølv kan eg ikkje hugse at det har skjedd noko i Bolivia som norske medier har tatt opp dei siste fem åra. Det er vel for langt borte og for lite interessant for nordmenn? Kva har vel vi i Norge til felles med dei i Bolivia?

Har du fått med deg noko frå Bolivia i norske medier den siste tida? Kanskje har du lese eller høyrt fotballresultatet i kampen mellom Bolivia og Venezuela den 7. oktober? Eller er det ein annan fotballkamp frå Bolivia du har høyrt om nyleg? Presidenten Evo Morales er en ivreg fotballspelar og sjølv for han kan det gå hardt for seg når det står på.

Som nordmann, med begrensa språkkunnskap i castellano, har eg ikkje brukt så mykje tid på å sjekke kva dei bolivianske mediene tek opp eller skriv om. Men fredag den 8. oktober kjøpte eg nokon aviser for å lese litt. Og då stod det faktisk nesten ei heil side om tildelinga av Nobels fredspris. Med andre ord ei hending som gjer at Norge får all verda si merksemd retta mot seg. Same dag kunne eg også lese at det var nøyaktig 43 år sidan Che Guevarra døydde i fjella i Bolivia.

Folk her i Bolivia veit ikkje så mykje om Norge heller. Mediene her er ikkje opptatt av kva som skjer i det landet. Og slik sett er det vel ganske likt. Nordmenn er opptatt av seg og sitt likeeins som bolivianarane er opptatt av sitt. Like fullt er vi menneske på den same jorda...

Check out:
ABC Wednesday # 8 -  B...  for Bolivia 
Live Every Moment - «blue»
Scenic Sunday SOOC Sunday

9 kommentarer:

Knut Inge sa...

Gratulerer med blogg! Gleder meg til å følge fortsettelsen!

Roger Owen Green sa...

Bolivia itself is a great B.
ROG, ABC Wednesday team

Tumblewords: sa...

Beautiful Bolivia!

Cheryl sa...

I think most countries tend to isolate themselves from one another. Maybe not to the same degree as you speak of, but to a great extent we tend not to have a great world view.

RuneE sa...

Norge er lite, men på godt (og vondt av og til) så setter vi spor etter oss rundt omkring. Fint innlegg!

Joy sa...

Maybe blogs help us learn about other countries including Bolivia and Norway.

Greyscale Territory sa...

Some very interesting thoughts about Bolivia and Norway!

Walk in New York sa...

belle place, le batiment est magnifique

Publicity ;o) Every Friday (and the Weekend), The Challenge "Walk In The Street Photography"

Linnea sa...

It's fun and entertaining hanging out in public squares...

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS