Google Website Translator Gadget

søndag 17. oktober 2010

Bryllaupsdagen som blei til sørgedag.

For 8 dagar sidan spurde Maria om eg ville komme i eit bryllaup den 16. oktober på El Alto. Og eg svarte jo sjølvsagt at det ville eg gjerne, for det er jo spanande å oppleve korleis slikt foregår her i Bolivia. Så i dag var altså dagen då eg skulle i eit bryllaup der eg ikkje kjente brudeparet. Det i seg sjølv syns eg var interessant og spanande. Men berre det å bli invitert var jo ei ære. 

Tidlegare i veka leverte eg inn finskjorta og den beste buksa mi til vask og stryking på eit vaskeri i nærleiken av her eg bur. Bryllaup er jo ein fest, så då er det jo vanleg å kle seg i det beste ein har. Sjølv dei som er fattige har finklede som berre blir brukt ved spesielle tilhøve.

Pradoen - ei "øy" for gåande, med både benkar, fontener og grøne flekkar, der biltrafikken går på kvar side.
Eg hadde avtale om å møte Maria i sentrum av La Paz kl. 13.00. På grunn av ein del trafikk frå Pradoen og det at microbussen eg tok ikkje køyrde spesielt fort, vart eg omlag 8 minutt forseinka. Det er slikt som ein kan rekne med, og derfor er det lurt å berekne litt ekstra tid til transport når ein skal noko. Elles så er kulturen her også slik at avtalar ikkje er heilt på tida. Det er vanleg å måtte vente både litt og mykje i enkelte høve. Samanlikna med boliviansk kultur så var det nesten heilt normalt at eg kom litt for seint, trur eg.

Det første Maria sa då eg møtte henne var at pappaen til brudgommen hadde "gått opp til himmelen". Eg forstod ikkje heilt kva ho meinte først, men så forklarte ho at det var sorg i familien til brudgommen fordi pappaen døydde rundt kl. 05 i dag tidleg. Sørgeleg og trist på ein dag som skulle vere ein festdag. Og på grunn av dette er bryllaupet utsatt til i mars 2011. Korleis blir det tru? For her i Bolivia har folk ein tanke om at det er best å gifte seg i partalsår. Derfor er det masse bryllaup i år, medan det neste år er færre..

Etter å ha fått denne sørgelege beskjeden blei det til at Maria og eg gjekk ein tur til "Parque Urbano" og prata ei heil stund om forskjellige tradisjonar rundt bryllaup og gravferd i våre to land, Bolivia og Norge. Og sjølv om det ikkje blei bryllaup så har eg iallefall fått prata ein heil del spansk med Maria. Øvelse gjer meister heiter det, så då håpar eg at eg har lært noko i dag også.

"Qiero aprender mucho castellano!"

JA JA JA - eit positivt innslag for ein nordmann i Bolivia. "SI SI SI" en castellano.

Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS