Google Website Translator Gadget

tirsdag 19. oktober 2010

Gratulerer med dagen, Hilde Kristin!

Hilde Kristin med gebursdagskaka mi!
I dag har eg feira gebursdagen til Hilde Kristin saman med dei andre volontørane her på Casa Alianza. Hilde Kristin blei 23 år, og vi var på ein finare restaurant og åt middag med dessert. Det var veldig god mat og koseleg å sjå igjen ein del av dei andre volontørane som har vore ute på reise i helga. 

Det er blitt ein tradisjon for oss voluntørar at vi feirar gebursdag med kake og ein betre middag på ein restaurant om kvelden. Og det er bra å markere dagen sin saman med nokon, når ein då ikkje har familien sin rundt seg. Det er viktig å ta vare på tradisjonar også, sjølv om ein er på heilt andre sida av jorda.

Sjølv er det ikkje så lenge sidan eg blei vekt med gebursdagssong på senga og kake til frukost. Og det var kjekt! Til og med gebursdagspresang frå både spansklæraren og ei eg har blitt kjend med i kyrkja på El Alto. Gledeleg overrasking! Spansklæraren min ringte meg tidleg på morgonen og song ein spansk gebursdagssong som måtte syngast om morgonen. Kjekt å bli satt pris på, og moro å ha noko å feire!

1 kommentar:

Hilde-Kristin sa...

Takk for dette, Jan Halvard! Det var en veldig flott dag:)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS