Google Website Translator Gadget

onsdag 20. oktober 2010

Livet på Casa Alianza!

Her i Bolivia bur eg på Misjonsalliansen sitt gjestehus som heiter Casa Alianza. Vi er ti volontørar her og ni av oss bur i øverste etasjen. Her er ei leilegheit for jentene og ei for gutane. 

Eg bur på dobbeltrom, og det går veldig bra. På avdelinga "El Alto" som leilegheita eg bur på heiter, har vi elles ein kjøkkenkrok, ei stove og eit toalett/bad. Standarden er veldig bra, det er til og med internett. I andre etasjen på huset er det ei større stove med masse bøker, tv/dvd-spelar og stereoanlegg.  Det er også eit datarom i den etasjen.

Ein typisk frukost for meg på Casa Alianza.
På Casaen jobbar hushjelpene Berta og Mari Luz som tek seg av reingjering. Dei reingjer på rom og skiftar sengetøy med jamne mellomrom. Når dei er på jobb bur dei på Casaen og jobbar ei veke i strekk og så har dei ei veke fri.

Mat og drikke må vi volontørar ordne oss med sjølve. Grovt brød som i Norge er ikkje noko vi får tak i på butikken her. Brødet er lyst på størrelse med rundstykker eller horn. Min frukost inneheld gjerne eit rundstykke, ein kopp med te, juice og ein youghurt. Lunsj og middag er litt meir variert. Når eg er på arbeid et eg lunsj der, eller vi går ut i sentrum. Middag hender det at eg kjøpar meg på ein restaurant, eller så lagar eg noko enkelt. Det går lett i pasta og suppe.

På tirsdagane frå kl. 19.00 til 21.00 er det obligatorisk casa-kveld for oss volontørar. Då har vi ei samling og det blir tatt opp ulike tema eller vi har andre tilstellingar. I kveld får vi besøk av den norske representanten her i Bolivia, og han skal fortelje om kvifor Norge er representert her og kanskje noko om den politiske situasjonen.

Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS