Google Website Translator Gadget

tirsdag 26. oktober 2010

På tur til Caranavi!

Denne veka skal eg på tur til ein stad som heiter Caranavi. Det ligg i låglandet, i La Paz fylke.


View Larger Map

Her er bilete frå det eg var med på då vi kom fram til Caranavi. Vi starta med å sjå ein ny vasstank som Misjonsalliansen har støtta bygginga av. Frå denne tanken fekk litt over 200 familiar i Santa Fe vatn heim til sine hus. Etterpå var vi med på besøk til 16 husstandar som var tilknytta eit prosjekt i samband med å bygge toalett og lage til ein plass for å vaske klede. Sjølve toalettbygningen var stort sett ferdig hos dei fleste. Det som mangla var å innrede, og i tillegg så måtte det gravast ein septikktank, eit hol i bakken, som skulle vere tre meter djupt. Vi hadde med oss leiaren for komitéen, ein av læraren på skulen, og to arbeidarar som hadde jobba med å mure opp bygningane. Det var ein innspeksjon av kor langt arbeidet var komme for at dei ansvarlege i Misjonsalliansen skulle få ei oversikt og kunne pushe på for å få ferdig arbeidet.


Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS