Google Website Translator Gadget

mandag 11. oktober 2010

Søndag er dagen vi går til kyrkje!

I dag er det søndag, ein dag for å gå i kyrkja og høyre Guds ord. Det er omlag ein månad sidan pastor Mario inviterte voluntørane på Casa Alianza til kyrkja der han talar på El Alto. Vi vart tatt godt imot, og derfor har eg gått der vidare. 



Det er kjekt å ha ein plass å gå der ein kan trivast. Å vere med i ei forsamling er også ein god måte å bli kjend med dei som bur her på. Og det syns eg er både spanande og kjekt!

Teksten som pastor Mario talte og samtalte med forsamlinga om var  1. Johannes brev kap. 5, versa 13 - 21. Den handlar om å be etter Guds vilje og den tilliten vi har til Gud som vår Far, vi som trur på Han.


Eg var saman med ei av voluntørane frå Casa Alianza og ei boliviansk jente, som går i denne forsamlinga til vanleg. Etterpå gjekk langs ein del av verdas største marknad, stoppa og kjøpte oss middag, før vi fortsatte til utkanten. På denne marknaden blir det seld omtrent alt mogleg. Vi gjekk gjennom området for bildelar og verktøy og i enden var det ein del amerikanske klede og boder med kristen musikk. Då vi gjekk ned til hovudvegen for å ta minibuss heim att tok eg eit bilete ut over byen. Det var flott kveldshimmel med fjellet Illimani, 6438 m.o.h., i bakgrunnen.

Heilt til høgre ragar fjellet Illimani opp i skyene.


Check out:

6 kommentarer:

Kari H sa...

Hei:) wow! flott blogg, 1000 ganger bedre enn den æ hadde i fjor.. imponert:) flotte bilder og spennende tanker du deler.

klem

Birgitta - foto CHIP sa...

Så vackert!

http://fotochip.blogspot.com/2011/01/himmelsk_26.html

Petunia sa...

Beklager at jeg kommer så sent på besøk, men jeg sliter fortsatt med nettilgangen her og tiden jeg får ed PCen strekker liksom ikke til.
Det er en spennende herdag du har i forhold til oss her oppe i nord. Bare det å dra fra "tryggheten" her og nedover til Bolivia, er et stort skritt. Har det stått til forventningene? Hvor lenge skal du være der nede?

(Queenmothermamaw) Peggy sa...

Very nice to see your blog on our FSO. Great narration about your experience at church. Faith is a power greater than ourselves unites all of us across the world. I so enjoy getting to know folks from other lands. Blessings.
QMM

Jama sa...

A very beautiful church!

In the eye of the beholder sa...

nice story, thanks for sharing it.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS