Google Website Translator Gadget

søndag 24. oktober 2010

Søndag - kviledag og tid for ettertanke!

25 På den tid tok Jesus til ords og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.
   
 28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»


Livet er ikkje berre enkelt og greit. Av og til strevar eg og møter motgang. Eg får ikkje livet til slik eg ynskjer og håpar. Det kan vere noko som er trist eller leit. Kanskje er det ein skremmande opplevelse? Eller det kan vere noko som skal presterast, og som er både vanskeleg og utfordrande. Korleis møter eg dette?

Å vere lys nordmann i Bolivia betyr at eg skiljer meg ut. Folk kan sjå på meg at eg ikkje er heilt som dei fleste andre her. Eg er høgare enn gjennomsnittet for menn her og skiljer meg ut på den måten også. I tillegg vil folk høyre at eg ikkje snakkar språket som ein innfødd når dei tek kontakt, eller eg skal seie noko.

"Gringo" kan eg bli kalla her. Ikkje eit heidersord. Heller ein merkelapp som tydeleg viser at eg ikkje er heilt som dei andre. Og i tillegg så er det slik at det lyser rikdom og pengar av meg. Det er jo slike som eg som sit på pengane og som igjen har makta.

To gonger til no har eg opplevd at det knyter seg skikkeleg inni meg. Den ubehagelege kjendsla av å vere annleis. Det at folk ser på meg som betre enn det dei sjølv er, fordi eg kjem frå eit av verdas rikaste land. Fordi eg er frå eit land som har pengar... Det gjer vondt å oppleve at eg får ei heilt anna rolle fordi eg har pengar og har råd til å kjøpe meg det eg treng av materielle ting. Eg kan jo ikkje noko for at eg er fødd og oppvaksen i Norge. Like lite som folk her har styrt at dei kom til verda i Bolivia.

Kvar dag sit det folk på gata som sel eit eller anna. Dei fleste er kvinner, og det dei sel har dei med seg i eit knytte på ryggen. For mange ei tung bør, men samtidig uvurderleg for å kunne klare seg. Det er den børa som er grunnlaget for pengane dei kan tene til det daglege brødet og andre nødvendige ting. Hardt arbeid, og lange dagar. 

Eg vil nok ikkje nokon gong klare å forstå fullt ut korleis det er å vere fattig. Alt eg treng og meir til kan eg kjøpe meg. Pengane mine har fått større verdi her fordi prisnivået er lågare enn i Norge. Eg kan leve fantastisk godt, men samtidig så vil rikdommen skilje meg frå folket. Avstanden vil bli større, og eg må gjerne bruke mykje av rikdommen på å beskytte meg og det eg eig mot plyndring. Bygge ein mur og halde meg innanfor for å vere mest mogleg trygg. Det trur eg ville blitt eit liv utan smil og i frykt for å miste det eg har. 

Smilet og hjartevarmen hos folket her kan ikkje kjøpast for pengar. Og å få oppleve den gleda som finst over dei små tinga,  t.d. å selge nok til å klare seg gjennom dagen, gjer noko med meg. Eg tenkjer at den usynlege børa eg går rundt med kan vere vel så tung som knyttet til gateselgarane. For eit ansvar det er. Eg kan velge å gå fort forbi kvinna på gata, ho som rettar handa mot meg og ber om pengar. Eller eg kan stoppe opp, legge ein mynt i handa hennar og gå roleg vidare...

Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS