Google Website Translator Gadget

torsdag 14. oktober 2010

Til ettertanke...

I dag har eg vore med på eit fadderarrangement i landsbyen Sorata, 3 timar nord for La Paz. Alle borna på skulen med lærarar var samla på fotballbana for å vere med. 

Det handla mykje om å informere ungane om Misjonsalliansen, og kvifor det var nokon som tok bilete av dei. Det blei fortalt at bileta blei sendt til Norge fordi der var det folk som gav pengar jamnleg. Då dette blei sagt slo det meg kor urettferdig denne verda er, og eg blei litt sint. Det eg forstod av det som blei sagt var at i Norge hadde folk pengar. Det er jo sant, men eg syns ikkje det var noko kjekt å skulle bli forbunde med det at eg som nordmann er rik... Pengar har vi, men det er gjerne snart alt vi har også. Eg har lyst å bli sett som det mennesket eg er, ikkje ut frå kva eg har...

I denne landsbyen såg borna ut til å vere glade og ha det bra. Då dei slo ut den andinske buffeten på fotballbana etter arrangementet fekk eg noko å tenke på. Då tek dei med seg ulik mat som dei set fram og delar. Alle kan då gå rundt og smake på det dei forskjellige har med seg. Med andre ord eit skikkeleg fellesmåltid. Og veldig koseleg å sitte saman og ete slik ute. Der syns eg vi har noko å lære. Det er viktig å ta vare på felleskapet.

Samla på fotballbana for fellesmåltid

Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS