Google Website Translator Gadget

søndag 14. november 2010

Devociónal - Lukas 7,7-11

Be, så skal de få!
 7 Be, så skal de få. Leit, så skal de finna. Bank på, så skal det latast opp for dykk.  8 For kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn, og den som bankar på, skal det latast opp for.
     9 Eller kven av dykk gjev son sin ein stein når han bed om brød, 10 eller ein orm når han bed om fisk? 11 Når då de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje då Far dykkar i himmelen gje gode gåver til dei som bed han!



Som informasjonsvolontør er eg innom på hovudkontoret til Mision Alianza de Noruega en Bolivia, MAN-B, i sentrum av La Paz og kontoret på El Alto i løpet av ei veke. På mandagar og torsdagar startar dagen med «devociónal», ein andakt. Denne torsdagen var det bibelteksten frå Lukas 7,7 - 11 som blei gjennomgått og samtala om i gruppa eg er blitt ein del av på hovudkontoret.

Kvinner med ein unge på ryggen er ikkje uvanleg å sjå her i La Paz og elles i Bolivia. Når kvinnene skal noko tek dei med seg ungane sine, og dei minste bær dei på ryggen. Denne guten på biletet ser ut til å slappe av og ha det trygt og godt på ryggen til mammaen sin. Og mammaene er sjølvsagt glade i borna sine, og vil gje det beste dei har. Slik er det også med Gud. Han vil gje det som er best for oss når vi ber Han om noko...

Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS