Google Website Translator Gadget

lørdag 20. november 2010

«Huyna Potosi» - 6088 m.o.h.

Rundt La Paz er det ein del høge fjelltoppar. Dei fleste er vanskelege å komme opp på, og utilgjengelege for folk. «Huyna Potosi» er ein fjelltopp som det går guida turar til for turistar. Denne helga har fire av volontørane gjort alvor av planane om å nå toppen. Så blir det spanande å høyre korleis det går...


Det er ei ganske stor påkjenning for kroppen å gjere denne turen. Og det er ulikt korleis folk reagerar på høgda og dei fysiske anstrengingane i den tynne lufta. Det er ikkje alle som prøver som klarar å komme heilt til topps. 
I bakgrunnen skimtar de det snøkledde fjellet Huyna Potosi - 6088 m.o.h.
I følgje Wikipedia startar turen på 4700 m.o.h. Derifrå går deltakarane opp til basecampe på 5200 m.o.h. Den siste delen startar dei rundt midnatt og går til topps. Undervegs går det frå bar mark til snø og isdekke, og då brukar dei gjerne spesielle issko. 

Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS