Google Website Translator Gadget

søndag 14. november 2010

Mannen i lysstolpen...

Illustrasjonsfoto «Mannen i lysstolopen»
Då var det laurdag, og eg kunne sove heilt til eg vakna av meg sjølv. Ein god ting etter ei veke der eg ikkje har vore heilt i form. I dag hadde eg lyst å reise opp i sentrum for å sjå på folkelivet og gjerne bli litt betre kjend i gatene rundt det som heiter «Prado». 



Klokka blei nærmare 10 før eg stod opp i dag. Det var greit, for då fekk eg nesten 11 timar søvn i natt, og det trengde eg nok. Sola skein ute, og eg hadde tida fram til kl. 16 ledig. Då hadde eg avtale om å ha spansktimane som eg ikkje hadde i går. Så det var berre å komme seg ut og bruke tida. 

Etter å ha fått i meg mat og gjort meg klar, gjekk eg nedover «Pasage D» og «Calle 10» og så kom eg til hovudgata der mini, mikro og trufi går i rute opp til «Prado» og «Perez» eller nedover mot bydelen San Miguel. Eg har litt sansen for mikrobussane, så eg fann ut eg ville ta ein slik opp til sentrum i dag. Og sidan det ikkje kom nokon med det same eg var i gata, gjekk eg nedover. Då kunne eg sjå litt på folkelivet med det same...

Eit stykke nede kom det ein grøn mikrobuss, som eg retta ut handa for å signalisere at eg ville vere med. Det er ikkje faste busshaldeplassar, så det er omtrent mogleg å gå på bussen kor som helst. Praktisk for passasjerane sjølv om det kan vere trafikkfarleg fordi bussane stoppar brått og lagar kø bak seg. 

Ein bolivianos betalte eg til sjåføren då eg gjekk ombord, og så fann eg meg ein plass heilt bakerst i bussen. Desse bussane går ikkje så veldig fort, så ein kan få med seg mykje av det som skjer på vegen oppover byen. I dag var det ikkje noko spesielt som eg la merke til. Det er likevel flott å å vite at ein ikkje har det travelt og bruke den tida som det tek før ein er framme der ein skal. 

Etter omlag 15 - 20 minutt var eg framme på «Prado». Det første eg gjorde etter å ha gått av bussen var å kjøpe meg dagens utgåve av avisa «La Razon» som kosta fem bolivianos. Deretter gjekk eg litt rundt på pradoen før eg sette meg på ein benk og begynte å lese avisa. 

I dag var det arbeidarar som dreiv og hang opp lyspynt med tanke på at det nærmar seg jul. Det var interessant å sjå på korleis dei arbeidde. Ein hadde klatra opp i toppen av eit høgt tre i sjølve «Prado», og ein annan mann stod i stigen bak på ein stigebil, på den andre sida av vegen. Så drog dei ledning med lys over vegen og mannen på stigebilen klatra opp og festa ledningen. Medan eg sat slik på benken, bladde i avisa og fulgte litt med på det som skjedde rundt, fekk eg auge på ein mann som klatra opp stigen han hadde sett opp mot ein lysstolpe. Den første tanken som slo meg var at det var som å sette ein stige opp i flaggstanga, og så klatre opp.... Det trur eg ikkje er vanleg å gjere i Norge, og eg trur heller ikkje eg har sett noko liknande tidlegare. For meg var det derfor litt overraskande. 

I handa hadde han ein stor boks som han skulle feste øverst i lysstolpen.  Og det var nok nærmare 10 meter oppe i lufta. Han hadde hjelm på hovudet, og noko rundt livet som han festa rundt lysstolpen øverst. Dermed hadde han begge hendene fri til å kunne arbeide med å feste boksen. Ei lita stund etterpå var det ein mann til som begynte å klatre opp i den same stigen. Han skulle vist opp og levere noko, og så klatra han ned igjen. Eg forstod etterkvart at dei hadde den heile og fulle ro for det dei dreiv med. 

På benken eg sat hadde eg fått selskap medan eg sat og las. Ved sida av meg hadde det sett seg ei dame med ein liten gut på fanget. Denne guten, kanskje rundt eit år, snudde seg mot meg, såg på meg og retta ut handa for å ta på meg. Eg gav han peikefingeren min, og så smilte eg til han. Han snudde seg fort tilbake til dei han kjende. Kanskje han var litt interessert i å ta avisa mi?

Så såg eg over på mannen i lysstolpen igjen, og ser at det er ein på bakken som kastar opp noko til han. Og han i stigen grip tak i det som kjem oppover i lufta med begge hendene... Det såg skummelt ut for min del, for då var det altså berre det han hadde festa rundt lysstolpen som heldt han på plass. I stigen stod han omtrent på det øverste trinnet for å komme så høgt opp som han ville i lysstolpen. 

Guten på benken ved sidan av snudde seg mot meg fleire gonger, og etterkvart så smilte han til meg også. Trur han syns det var litt spanande med denne utlendingen ved sidan av seg. 

Dagens avis hadde ikkje så mykje som eg beit meg spesielt merke i. Det stod noko om at det hadde vore nokon protestmarsjar i La Paz, Cochabamba og Santa Cruz i går. Og på framsida var hovudsakene at staten hadde oppdaga seks soner som framstilte coca og om sykkelrittet «Bolivia rundt» som held på no.

Då eg hadde komme gjennom avisa sat eg ei lita stund til og fekk med meg at mannen i stolpen klatra ned den doble stigen og slo den saman. Då var den arbeidsoppgåva ferdig, og eg reiste meg frå benken og gjekk for å utforske nokon andre sider av byen... 


Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS