Google Website Translator Gadget

torsdag 25. november 2010

Muchas gracias por la hospitalidad Yovana!

«El domingo antes, 21. noviembre, yo estaba visitando Yovana en su iglesia. ¡Muchas gracias por sus hospitalidad! :-)  Tusen takk for gjestfridomen!»

Eg hadde ein flott gudsteneste i baptistskyrkja til Yovana på søndag. Då eg kom heldt dei på å avslutte gudstenesten som begynte rundt kl. 06 om morgonen. Den gjekk på aymara, språket som urbefolkingsgruppa aymarane brukar. Det er eit interessant språk, med lange ord og varierande toneleie. Og sjølv om eg ikkje forstod noko av det dei sa fremst i kyrkja, så følte eg meg veldig velkommen. 




Ei av cholitadamene på gudstenesten kom ganske fort bort og helsa på meg. Og her i Bolivia er den vanlege helsemåten at når ein mann eller ei kvinne helsar på ei kvinne, så tek ein i handa og gir ein lett klem kinn mot kinn. Menn som helsar på menn tek kvarandre først i handa, og så klappar dei den andre med si høgre handa på venstre skulder til den dei helsar på. Og deretter tek dei kvarandre i handa ein gong til.

Pastoren kom også bort til meg og helsa på meg før denne første gudstenesten var heilt slutt. Då den var ferdig tok Yovana med meg ut ei lita stund, for å kjøpe noko drikke og vente til den neste gudstenesten som gjekk på spansk begynne.

Vi sette oss ned på midtrekka, i den 5.-6. benkerada. Før vi sette oss ned for godt så helsa eg på nokon av dei som var komne. Eg fekk mellom anna også helsa på mammaen til Yovana. Ei dame kledd i eit flott skjørt, «pollera» og med sjal over skuldrene. Det var veldig kjekt å få helse på henne. Og eg syns det var ei ære å få helse på og klemme så mange cholitadamer som eg gjorde den søndagen.

Desse damene med sine folkedrakter er noko vi som utlendingar fort legg merke til her i Boliva. Som turist kan det veldig fort bli til at desse damene blir gjort til ein turistattraksjon i seg sjølv. Fordi dei skil seg ut, det er litt eksotisk og er noko av det ein som turist hugsar etter eit opphald her i landet. Det er sant at det er noko med desse damene. Og dei er meir enn berre attraksjonar, dei er også personar. Flotte menneske. Gjennom deltaking på gudstenesten i kyrkja på søndag fekk eg møte nokon av desse damene, og eg fekk bli inkludert som ein del i eit felleskap med dei. Dei var ikkje berre «nokon andre». Dei hadde namn og tok seg av meg... 

Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS