Google Website Translator Gadget

mandag 1. november 2010

Murar og borger...

Tankar om tinga...
Når noko er nytt er det ofte spanande og verkar flott. Etter ei stund kjem meir enn berre glansbiletesida fram, og det blir oppdaga meir av baksida. Det som ein gong var flott og spanande blir grått og vanskeleg...

Er dette ein grunn til at vi menneske bygger "mur" og lagar "borg" rundt oss? Det er oftast spanande og interessant å bli kjend med folk i starten.  Og så etter ei stund får ein komme innanfor "muren" og inn i "borga", og noko av spenninga borte.

Bolivia er eit spanande land. Det har annleis natur, kultur og språk enn det eg er vant til frå Norge. Fargesprakande klesplagg, høge fjell med fjellkjedar og mange forskjellige folkegrupper er ord som fortel noko om landet. Og Bolivia har sin historie som spansk koloni fram til det blei ein sjølvstendig nasjon for mindre enn 200 år sidan. Og alt dette er med å pregar folka og landet i dag.

Noko av grunnen til at eg har valgt å reise til og vere i Bolivia er nettopp fordi eg syns landet og folket er spanande. Eg har lyst å bli kjend med innsida, få oppleve og prøve å sette meg inn i korleis folk har det her.  Å bli kjend med folk og bli invitert heim i ein familie er noko eg håpar å få oppleve. For her i landet er det ikkje vanleg å invitere folk ein nettopp har møtt heim til seg. Det skjer gjerne først når ein er blitt godt kjend, noko som kan ta både månader og år...


Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS