Google Website Translator Gadget

mandag 15. november 2010

Ny veke og nye utfordringar

Det var ein interessant og spanande søndag i går. Eg tok nok ein gong turen til sentrum, «Prado», og gjekk rundt og blei kjend utanfor sjølve hovudgata i sentrum. Det er mykje forskjellig å sjå og få med seg, og eg prøver også å legge merke til folkelivet og det som skjer rundt forbi. Då får eg sjå både den fine fasaden og skyggesidene. Og det er jo både og...


Det er mandag, og ei ny veke ligg framføre. Og i dag skal eg til El Alto og vere på kontoret der. Fram til no har eg vore med Magne Steine og folka på kontoret som har med landbruk å gjere. Denne veka skal det vere kurs for medlemmer av «bondelaga» i distrikt 9 og 11. Så det skal eg gjerne få med meg noko av.

Elles så syns eg det skjer mykje her, og tida går litt for fort. Samtidig føler eg ikkje at eg får gjort alt det eg har tenkt og ynskjer heller. Tempoet er nok ikkje det same som i Norge, og det har mellom anna noko med at eg er nesten 4000 m.o.h. Og då arbeider kroppen på ein annan måte. I tillegg er det ganske varmt her midt på dagen for tida, og dei dagane eg er mykje ute i sola så kjenner eg at eg blir trøytt på kvelden. 

På kvelden skrive eg gjerne nokon ord om det som har skjedd på denne bloggen. Elles så les eg kanskje i avisa eller set meg til å arbeide litt med spansk gramatikk. No har eg kjøpt meg nokon filmar på spansk som eg har tenkt å sjå, så då kan eg bruke det som språkøving også. Språket er mykje av nøkkelen til å forstå kulturen og til korleis opplevelsen av opphaldet blir. 

Eg har lyst å lære og forstå, sette meg inn i samfunnet og livet her for å skjøne korleis ting heng saman... 

Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS