Google Website Translator Gadget

onsdag 24. november 2010

Offentleg transportmiddel i La Paz


Minibuss føre ein micro
Privatbilar her i Bolivia er ein liten del av den totale biltrafikken på vegane. I La Paz er tyngda av køyretøy transportmiddel som taxiar, trufiar, minibussar og microar. 


Både trufiane, minibussane og microane køyrer i faste ruter mellom forskjellige delar av byen. Taxiane køyrer meir fritt, sjølv om dei har ei sone i byens som utgangspunkt. Eg bur i «Zona Sur»,  i bydelen Obrajes. Eit par kvartal nedanfor «Casa Alianza» ligg ei hovudgate der alle desse offentlege transportmidla køyrer jamt og trutt forbi. 

Her er ingen rutetabell, og prisane på strekningane varierer etter kva tid på døgnet det er. Det er heller ingen spesielle busshaldeplassar. Og derfor går folk både på og av der det passar dei på ruta. 

Microbuss på El Alto
I rushtida kostar ein tur noko meir enn når trafikken er rolegare. Og i minibussane, mykje Toyota Carolla, er det vanleg at det er ein person som er innropar og tek seg av betalinga frå passasjerane. Ein tur frå Obrajes opp til Prado kostar stort sett frå 1,50 Bs til 2,30 Bs. Microbussen, som har større plass og køyrer litt seinare er billegare, og der kostar ein tur frå 1 Bs til omkring 2 Bs. 

Trufiar er vanlege personbilar som går i faste ruter og har skilt med destinasjonen framme i vindauget. Desse har ikkje eg brukt så mykje enno. Prisane der er gjerne noko høgare enn på ein minibuss. I tillegg så går det då litt fortare, og det er mindre stopp fordi det er færre som skal av og på. 

I sentrum av byen er «Perez» eit knutepunkt og plassen der ein byttar for å komme seg vidare til El Alto. Og på kanten av El Alto, «Ceja» som betyr augnebryn, er eit nytt knutepunkt der ein byttar transportmiddel. 
Minibussar på rad og rekkje, Ceja, El Alto.

I det store og det heile er det å reise med offentleg transport ein opplevelse i seg sjølv... 

Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS