Google Website Translator Gadget

lørdag 6. november 2010

På arbeid i dag...

For meg som informasjonsvolontør er det av og til arrangement på laurdagar som eg får i oppdrag å vere med på. I dag skal eg vere med nokon av dei norske utsendingane på "søndagskuleavslutning" på El Alto. Det skal bli spanande å sjå kva eg får ut av det som skjer.

Det var ein ordentleg avslutningsfest for "Horas Felizes", som er namnet på "søndagskuleopplegget". Her var det framføringar av innslag frå nesten alle skulane som var representert. I tillegg kom det besøk av politiet som hadde oppvisning med politihundar. Flinke hundar, og interessant å sjå på syns eg.

Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS