Google Website Translator Gadget

onsdag 3. november 2010

"T´antawawa" og allehelgensdag i Bolivia!

2. november er offisiell fridag i samband med Allehelgensdag i Bolivia. Sjølv om det for meg er ein fridag, så starta dagen tidleg. Rundt kl. 05 stod eg opp for å gjere meg klar. Eg hadde avtale med språklæraren min om å møte henne i sentrum kl. 06:30 for å vere med på ein spesiell dag på kyrkjegården... 






I helga har mange familiar baka brød til denne dagen då dei markerer sine døde slektningar. Brød, som heiter "t´antawawa" på ayamaraspråket, er forma som barn, stigar, lama og andre figurar. 

På dagen dreg folk til kyrkjegården for å vere tilstades for å minnast og vere saman med dei døde som dei trur kjem tilbake til jorda denne dagen. Dei tek med seg favorittmåltidet til dei døde slektningane og dekkjer heile grava med brød og anna mat. Brøda som er laga som stigar er for at dei døde skal kunne klatre ned frå himmelen for å få maten sin. Lamabrødet er for å hjelpe dei til å ta med seg maten tilbake til himmelen, for det er eit år til neste gong dei får mat.


Her får eg verkeleg oppleve blanding av religionar i ein anna kultur. Dette er nemleg blanding mellom den andinske religionen om Moder jord og den katolske trua som spanjolane tok med seg då dei koloniserte landet.

For fleire bilder frå denne dagen sjå nederst i bloggen!

Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS