Google Website Translator Gadget

søndag 21. november 2010

Tid for å så...

Likninga om såmannen
 4 Mykje folk strøymde no saman frå alle byane rundt omkring. Då ei stor folkemengd hadde samla seg om han, fortalde han dei ei likning:
   
  5 «Ein såmann gjekk ut for å så kornet sitt. Og då han sådde, fall noko attmed vegen. Det vart nedtrakka, og fuglane under himmelen kom og åt det opp.  6 Noko fall på steingrunn, og det visna med same det kom opp, fordi det ikkje fekk væte.  7 Noko fall mellom klunger, og klungeren voks opp saman med kornet og kvelte det.  8 Men noko fall i god jord, og det voks opp og gav grøde, heile hundre gonger det som vart sådd.» Då han hadde sagt dette, ropa han ut: «Den som har øyre å høyra med, høyr!»
   
  9 Sidan spurde disiplane han kva denne likninga skulle tyda. 10 Han svara: «Dykk er det gjeve å kjenna løyndomane om Guds rike. Men dei andre får det i likningar, for at dei skal
          sjå, men ikkje sjå,
          og høyra, men ikkje skjøna.
   
 11 Likninga tyder: Såkornet er Guds ord. 12 Dei attmed vegen er dei som høyrer ordet; men så kjem djevelen og tek det bort frå hjartet deira, så dei ikkje skal tru og bli frelste. 13 Dei på steingrunn er dei som tek imot ordet med glede når dei høyrer det. Men dei har ikkje rot; dei trur ei tid, men når dei blir sette på prøve, fell dei frå. 14 Det som fall mellom klunger, er dei som høyrer ordet, men på vegen gjennom livet blir dei kvelte av sorger og rikdom og nytingar og ber ikkje fullmogen grøde. 15 Men det i den gode jorda, det er dei som høyrer ordet og tek vare på det i eit fint og godt hjarte, held ut og ber grøde. 




Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS