Google Website Translator Gadget

torsdag 18. november 2010

Vanleg praksis...

Etter å ha vore i Bolivia i tre månader har eg no forstått litt av korleis ting fungerar i trafikken. Eg har tatt ein del minibuss og micro i det siste, og praksisen er at det er ikkje fullt før det er fullt. Her er det om å gjere å få med flest mogleg slik at ein kan tjene litt ekstra.


Det er ikkje fullt før det er fullt...
I dag og førre fredag har eg vore med på utdeling av kursbevis på ulike kurs. Førre fredag var det landbrukskurs og i dag var det framtidige ledarar som har fått kursing i demokrati og lokalstyre. I slike samanhengar er det høgtideleg med talar og velkomstord. Og så er det høgtideleg overrekking av diplom eller «Certifikate» som det heiter her. Og det er ikkje kven som helst som deler ut kursbevis. Det er dei viktige personane, dei som har ein posisjon, tittel, som får den æra. Som nordmann i Bolivia er ein automatisk sett på som ein av dei viktige personane... 

 Og i dag fekk eg æra saman med nokon andre å dele ut flotte kursbevis til deltakarar på kurs i lokaldemokrati. Desse bolivianarane som har tatt kurset har lært om korleis styre lokalsamfunn og at det er viktig at kvinnene er med. Fire modular har dei hatt sidan midten av september, og i dag var det «Graduation».


Utdeling av kursbevis for deltakarar i kurs om dyrehelse og inseminasjon, fredag 12.11.2010



Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS