Google Website Translator Gadget

tirsdag 2. november 2010

Vegen framover...

No har eg vore to månader her i La Paz og etterkvart blitt betre og betre kjend med korleis ting fungerar.  Eg har fått sjå meir enn det eg ville gjort som turist ein kort periode. Og eg har fått og får oppleve det å vere framand, det å ikkje kunne språket  fullt ut eller kjenne alle kodane...  

I byane her i Bolivia så har dei aller fleste eigedommane mur rundt for å beskytte mot uvedkommande. For meg er det også ein form for mur i møtet med dei innfødde. Eg er nordmann, og dermed noko ukjend og kanskje litt skummelt. Eg vil heller ikkje kunne bli bolivianar og ta til meg deira genetikk, slik at det ser ut som eg er ein av dei.


Det å sjå og oppleve kulturen og veremåten her som norsk er spanande, sjølv om det no også begynner å bli utfordrande. Eg har lyst å lære meir om folket og samfunnet. Og jo meir eg kjem innanfor og får oppleve, jo meir utfordra blir eg. På utsida kan det verke eksotisk. På vegen inn gjennom muren får eg gjerne oppleve meir og meir av korleis det verkeleg er. Og den harde og brutale røyndommen kan vere vond og vanskeleg.


På søndag var eg på tur saman med born og unge i forsamlinga på El Alto. Eg trur vi var omtrent 100 personar totalt, og køyrde i to bussar med seteplass til 30-40 i kvar buss. Det betydde at ein del måtte stå, og i nokon doble sete sat dei tre born i bredda, på turen der vi køyrde kring to timar mot Oruro. Ikkje heilt slik vi ville gjort det om søndagsskulen eller ungdomssgjengen i forsamlinga skulle på busstur. 


Sjølv sat eg sidelengs ved sida av sjåføren, ein halv meter frå frontruta, og utan setebelte. Det fanst jo ikkje i bussen. Der i fronten hadde eg kjempeflott utsikt over vegen og landskapet vi køyrde forbi. Eg fekk også oppleve sjåføren på nært hald og korleis trafikken fungerar. Og det var nokon periodar ubehageleg å sitte slik og følgje med. For konsekvensane ved eit uhell, ein utforkøyring eller det som verre er; ein kollisjon, ville vore alvorlege. Sjølv sat eg jo midt i skotlinja...


Då sjåføren på heimvegen skulle sette støpselet til mobil-ladaren inn i kontakten over hovudet bak seg, samtidig som han køyrde, så blei eg noko uroleg. Farten var ikkje altfor stor, men stor nok til at det ville føre til skade ved uhell. Han kunne til dømes fint ha spurd nokon av dei som stod i midtgangen om å gjere det for seg, og dermed unngått å skape ein farleg situasjon.

Likeeins med mobiltelefonen, då han skulle ringe. Her i Bolivia kjenner eg ikkje til at det er nokon lov i høve til å prate i mobil medan ein køyrer. Det er heller ikkje påbudt å køyre med lys på bilen på dagtid. Og dermed kan det fort oppstå farlege situasjonar. På vegen til kyrkja vi besøkte måtte vi gjennom ein bomstasjon. Og ved denne var det satt opp eit skilt som slik eg oppfatta det informerte om at 32 menneske hadde døydd i trafikken det siste året på grunn av bilistane ikkje hadde brukt lys på bilen.

Under køyreturen så var eg innimellom glad for at verken bussen eller vegen var av det mest moderne slaget. Det betydde at sjåføren måtte køyre saktare enn han nok ville gjort med betre buss- og vegstandard. Og eg hadde ein flott tur og såg mykje forskjellig som flott naturlandskap, lange sletter og hus bygd av jordblokker.

På heimvegen køyrde vi forbi ein bil som hadde fått motorstopp.  Mannen låg på rygg under bilen med panseret opent og kona sat i vegkanten ved sidan av. "Viking" og "Falck" eller tilsvarande bilredningstilbydarar er nok ikkje så utbredt her i landet. Og det som finst er sikkert veldig dyrt for vanlege folk. Så då er nok det å prøve og fikse opp i tinga sjølv det mest vanlege.

Eg fekk altså oppleve litt av boliviansk kultur då eg var med kyrkja på tur. Og slik får eg kjenne kulturforskjellane på kroppen, både positivt og negativt.

Lunsjmat denne dagen hadde eg ikkje tatt med meg, fordi eg ikkje kjende til korleis vanleg praksis var. Og tenkte at det gjerne var mogleg å kjøpe noko. Praksisen der var slik at alle hadde med litt forskjellig boliviansk lunsmat, tallerkenar og noko å ete med, gaffel eller skjei. Vi var i forskjellige mindre grupper og der blei dette satt fram slik at alle i gruppa kunne forsyne seg av det som var der. Eg som då ikkje hadde med meg noko fekk både tallerken, gaffel og mat på fatet. Og det er jo tydeleg gjestfridom i praksis.

Små lunsjgrupper langs veggen av kyrkja.



Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS