Google Website Translator Gadget

lørdag 11. desember 2010

Adventstankar...

Jesus er redningsmannen!
Denne helga er det tredje søndag i advent. Tida går fort og i dag er det akkurat 14 dagar til julaftan. 

Eg gledar meg til jul! Men det er ikkje fordi eg skal få pakkar. Eg har nemleg innsett at eg har meir enn det eg treng for å leve. Materielle ting har blitt mindre viktige for meg etter at eg har vore her i Bolivia nokon månader.

Det handlar om livet. Korleis eg har det? Korleis mine medmenneske har det? Eg ser, og har fått eit innblikk i, kor store forskjellane i verda kan vere. Berre frå El Alto, byen på høgsletta, til sørsona i La Paz er det ein forskjell i velstanden som om det skulle vere to forskjellige planetar. På El Alto handlar det om å ha hus, klede, mat for dagen og kunne gå på skule. I sørsona av La Paz, der rikfolka er busett, bur folk i flotte hus, ungdommane køyrer rundt i fine bilar og folket lev i overflod...

Eg gledar meg til jul! Eg gledar meg til å vere saman med slekt og vener. Feire og glede meg over at Jesus blei fødd og kom til jorda for over 2000 år sidan.

Det er trua på Jesus som gjer livet for meg. Hadde ikkje Gud sendt Jesus for å frelse verda, så hadde ikkje eg kunne feire jul. Utan jul hadde det heller ikkje vore noko påske, den høgtida som gjer heile forskjellen. For i påska vart Jesus hengt på ein kross for å sone syndene mine og dine. På grunn av det Jesus gjorde blir kvar og ein som vel å tru på Han ståande utan synd framfor Gud. Jesus står imellom og tok på seg skulda. Han tok på seg all verda si synd, for at kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Det er dette som er det viktige valet i den store samanhengen!


Matteus 1
21 Ho skal føda ein son, og du skal gje han namnet Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.» 22 Alt dette hende så det skulle oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten:
        
   
 23  Sjå, møya skal bli med barn og føda ein son,
           og dei skal gje han namnet Immanuel
– det tyder: Gud med oss.



Eg ser at det er andre som har større behov for julegåver enn eg har. I Bolivia er det mange foreldre som ikkje har råd til å kjøpe gåver til borna sine. Nokon born har ikkje foreldre eller har flykta frå ein valdeleg og dårleg heim. Så dei bur og lev på gata. Jesus kom for å redde desse borna også. Gud ser til dei. Derfor vil han at vi skal hjelpe og sjå til dei som har det vanskelegare enn oss, og vise Guds kjærleik i praksis. 


Matteus 25
35 For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tørst, og de gav meg drikke; eg var framand, og de tok imot meg; 36 eg var naken, og de kledde meg; eg var sjuk, og de såg til meg; eg var i fengsel, og de vitja meg.' 37 Då skal dei rettferdige svara: 'Herre, når såg vi deg svolten og gav deg mat, eller tørst og gav deg drikke? 38 Når såg vi deg framand og tok imot deg, eller naken og kledde deg? 39 Og når såg vi deg sjuk eller i fengsel og vitja deg?' 40 Men kongen skal svara dei: 'Sanneleg, eg seier dykk: Alt de gjorde mot eit av desse minste syskena mine, det gjorde de mot meg.'
    41 Så skal han seia til dei på venstre sida: 'Gå bort frå meg, de som er forbanna, til den evige elden som er gjord i stand for djevelen og englane hans. 42 For eg var svolten, men de gav meg ikkje mat; eg var tørst, men de gav meg ikkje drikke; 43 eg var framand, men de tok ikkje imot meg; eg var naken, men de kledde meg ikkje; eg var sjuk og i fengsel, men de såg ikkje til meg.' 44 Då skal dei svara: 'Herre, når såg vi deg svolten eller tørst eller framand eller naken eller sjuk eller i fengsel utan å hjelpa deg?' 45 Men han skal svara dei: 'Sanneleg, eg seier dykk: Alt de ikkje gjorde mot ein av desse minste, det har de heller ikkje gjort mot meg.' 46 Så skal dei gå bort til evig straff, og dei rettferdige til evig liv.»

Det er advent. Ventetid! Vi ventar og ser fram til ferien, til å vere saman med familien, til juletre og julegåver og god mat. Vi ventar på å feire at Jesus blei fødd!

Det er også tid for ettertanke. For det er folk i Norge som har det vanskeleg i julehøgtida... Nokon ventar og ser gjerne meir fram til at jula skal ta slutt?

  • Kva med å invitere den einslege naboen på kaffé og julebakst i romjula?
  • Eller kva med å ringe og slå av ein prat med nokon du kjenner som kanskje er aleine?
Ved ettertanke kjem du gjerne på andre gode gjerningar du kan gjere for å glede nokon i julehøgtida. Det handlar om å bry seg!

Har du lyst og anledning til å hjelpe gateborn i Bolivia? Då oppmodar eg deg til å kjøpe ein kvadratmeter eller fleire for at «Prosjekt nytt håp» kan hjelpe fleire gateborn i Cochabamba til eit betre liv...


Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS