Google Website Translator Gadget

onsdag 8. desember 2010

Bryllaupsfeiring inn i natta...

Bryllaup er universelt og blir feira på ulike måtar over heile verda. Bolivia har sin bryllaupskultur, og i Noreg skjer det på ein anna måte. Samstundes finn eg at det er likskapar på tvers av kultur og tradisjonar.

I Bolivia:
  • betyr det lykke å gifte seg i årstal som er partal. Det vil seie at dette året, 2010, er eit godt år for å gifte seg her i landet. 
  • kan du invitere med deg vener i bryllaupet. På den måten vart Cathrine, Ingebjørg og eg invitert med i ein bryllaupsfest laurdag 4. desember 2010. Då var det Judith, venninne av bruda, som inviterte oss med i eit bryllaup ho var invitert i.
  • er øl ein viktig ingrediens i katolske og verdslege bryllaup. I kristne bryllaup blir det ikkje servert øl. 
  • tømmer ein gjerne ølskvettane på gulvet, noko som etterkvart fører til både glatte og klissete gulv.
  • er det personar som står klare med nal og mopp for å fjerne øldammen på gulvet , når den blir for stor eller at det til dømes går ei ølflaske i gulvet. 
  • foregår mykje av festen på dansegulvet. Ein dansar saman to og to, med god avstand, og ofte fleire i ring eller på rekke. 
  • er det brudeparet som først forsyner seg av middag og tek det første kakestykket.
  • sovnar gjerne gjestene, dei eg såg var menn, som har drukke for mykje alkohol på ein stol.

Førsteinntrykk og opplevingar frå ei bryllaupsfeiring i La Paz, 2010.
Jan Halvard





Macro Monday # 120

Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS