Google Website Translator Gadget

fredag 3. desember 2010

Interessant...

I ettermiddag gjekk eg ut ein tur for å kjøpe meg middag. Og så tok eg med meg kameraet mitt med tanke på at eg kanskje kunne komme over noko som var verdt å ta bilete av. Etter ein god pizza «Hawaianna» gjekk eg først litt nedover og deretter oppver gata «Hernando Siles». Det blei faktisk til at eg gjekk heilt til det katolske universitetet i »Calle 4». Og då eg kom dit, såg eg at det var eit jamnt tilsig av folk som skulle inn der. Festkledde kvinner og menn, små born og besteforeldre. Dette var meir enn ei vanleg forelesing.

Eg blei ståande i porten og følgje med på folka som kom og gjekk. I gata framfor inngangen var det trafikkpoliti som stod og dirigerte bilane. Det var igrunn ganske interessant å sjå på. Klokka gjekk, og det kom stadig vekk folk som gjekk ut av taxiar og bilar. Og alle gjekk same vegen inn på universitetsområdet. Etter å ha stått utanfor og observert ei god stund, tok eg mot til meg og gjekk naturleg saman med ein gjeng innover og oppover. Så kom eg til ein stor idrettshall, og sidan det stod ein politivakt utanfor inngangen så venta eg litt før eg gjekk inn. Eg var igrunn litt usikker på om det berre var inviterte gjestar som hadde tilgang til opptrinnet. Ikkje lenge etter at eg kom inn, så var opplegget ferdig. Eg er sikker på at det var nærmare 500 personar inne i hallen. Og dei hadde vore vitne til «Calacion de Grado». Dei som stod framme å scena såg hadde blå kapper og slike hattar som ein kjenner frå USA.

På vegen ut så var det eit interessant skue. Då stilte kandidatane seg opp med venner og familie, og så blei det tatt masse bilete. Og slik eg forstod det, var det nokon som gjekk rundt og selde fotografering. Nede i porten, stod nokon andre og selde bilete som var tatt tidlegare. Så her var det litt butikk også.

Det var ei interessant oppleving. Kanskje eg klarar å få med meg fleire slike avslutningar før sommarferien her i landet. Eg trur ein del universitet held på til midten av desember... 

Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS