Google Website Translator Gadget

tirsdag 7. desember 2010

NAG observert køyrande i La Paz, Bolivia.

Det er mykje ein legg merke til som utlending og turist i eit framand land. Denne helga har boliviansk tv informert meg om at juletreet i La Paz, 25 meter høgt, er blitt tent. I tillegg har eg fått med meg ein bryllaupsfest og blitt kjend med noko av bryllaupskulturen i Bolivia. Det mest spesielle var då eg oppdaga at NAG køyrde rundt i trafikken her...  

Eg har også sett ny personleg rekord i gudstenestebesøk med 2,1 gudstenestar og tre nattverdsmåltid på ein og samme søndag. Eg var altså innom tre gudstenestar som føregjekk på tre forskjellige språk, i denne rekkjefølgja: aymara, spansk og til slutt norsk. Den siste var ein adventsgudsteneste med den ambulerande sjømannspresten i «Sjømannskirken».

Søndagsmiddagen vart ete på ein restaurant eigd av danskar, og skulle vere «juletallerken» med ribbe og riskrem til dessert. Ribba var nok meir ein kotelett enn det vi nordmenn forbind med griseribbe...

Eg har gått nedover «Pradoen» og sett julekrybba som er satt opp utanfor «banco bisa», ein bankbygning. 

Den største overraskinga fekk eg på veg frå søndagsmiddagen til min tredje gudsteneste for dagen. Då oppdaga eg plutseleg ein bil med kjenneteikna «NAG» som køyrde framfor oss. At det norske slektsnamnet Nag hadde spreidd seg heilt til Bolivia var eg ikkje klar over!

I følgje Statistisk sentralbyrå er det 159 personar i Norge som har Nag til etternamn. Desse har altså minst ein bil med etternamnet sitt køyrande rundt på vegane i La Paz... 


Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS