Google Website Translator Gadget

fredag 17. desember 2010

Skikkeleg juleferie etter 12 år skulegang...

I dag har eg vore med på ei interessant reise til ein landsby omkring 2 timar utanfor La Paz. Ein liten plass, der alle kjenner alle. Eg var med ein gjeng med buman-studentar til landsbyen der ein av dei kjem frå. Systera hans hadde avslutta 12 år skulegang og fekk utdelt vitnemål på ei høgtideleg markering. No er ho klar for å begynne på universitetet... 

I Bolivia er det 12 år med obligatorisk skulegang. Først er det åtte år på «Primera» og deretter fire år på «Secundaria». Etter det kan vegen gå vidare til universitetet eller anna høgare utdanning.

Markeringa i dag framheva den eleven som hadde oppnådd best resultat av avgangselevane. Det blei markert med ein eigen innmarsj som første innslag i programmet. Vidare i programmet var det høgtideleg entré  for kvar enkelt avgangselev. Dei blei fulgte til scenen av sin «padrino, tyder fadder, og på vegen fekk dei masse kvitt i håret...

Vel oppe på scena var det tid for talar, og deretter nasjonalsong med flaggheising. Etterkvart kom det til utdelinga av diplom og vitnemål. 

Eleven vart høgtideleg ropt opp og gjekk så fram til bordet der lærar og rektor sat. Det første dei gjorde var å signere eit papir. 

Deretter var det overlevering av diplom og vitnemål. 

Då alle hadde fått sine papir var det enno fleire talar. Etterpå fekk elevane som hadde laga flotte skåp hente desse på scena. Sermonien blei avslutta med at familie og slekt kom fram for å helse og gratulere kvar og ein av elevane som no var ferdig med denne milepælen i livet... 

Festen heldt fram med familie, slekt og vener utover kvelden.

Dagen i dag har fått meg til å tenkje på kva utdanning eigentleg betyr og gir av sjansar. Det å fullføre 12 år med skulegang i Bolivia blir markert med verdi og status. Eit slikt vitnemål er nøkkelen til å kunne ta vidare utdanning og oppnå betre levekår for dei som kjem frå ringe kår på landsbygda...

På veg heim til Casa Alianza tok eg bilete av landskapet og himmelen i det sola gjekk ned. Er det dette som er den blå timen?

Det var iallefall ei flott naturoppleving å køyre gjennom dette landskapet tilbake mot La Paz...

God juleferie!

Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS