Google Website Translator Gadget

mandag 31. januar 2011

Copacabana - sol, sommar og sjø.

Denne helga drog omtrent heile gjengen med volontørar og studentar frå Casa Alianza på tur til Copacabana.  Byen Copacabana ligg ved Titikakasjøen i Bolivia og er ein stad der både turistar og nasjonale reiser for å slappe av og oppleve noko anna. 

Copacabana, Bolivia
Fredag 28. januar kl. 07.15 drog første pulja med taxi til «Cementario» der bussane til Copacabana går i frå. Vi var ein gjeng på 7 unge norske menn og kvinner. 








Etter ein busstur frå La Paz på omlag 3, 5 timar var vi framme i sjølve Copacabana. På vegen kryssa vi også Titicacasjøen med ferje og båt. Bussen køyrde då på ei ferje som liknar ei flåte, medan passasjerane vart frakta i båtar over sundet. 

Vel framme i byen fann vi oss ein lokal restaurant og kjøpte varm lunsj med suppe, hovudrett og dessert for 15 Bs. Klokka var berre rundt 12, middag, og vi skulle ha heile dagen i byen. Det neste vi gjorde var å finne eit hostel der vi fann rom for natta.

Kva skulle vi så finne på i Copacabana? No var vi jo ved verdas høgastliggande innsjø på 3812 m.o.h. Ved denne sjøen held marinen i Bolivia til. Sidan landet ikkje har noko eiga kystlinje mot havet, er det her dei må øve og forsvare seg. Grensa mellom Peru og Bolivia går gjennom Titikakasjøen.

Båten vi drog på tokt med på Titikakasjøen...
Heile gjengen tok ein båttur ut på denne kjende innsjøen. Vi drog ut på tokt til ei kunstig øy. Der fekk vi landgang mot å betale 2 Bs og frå denne øya gjekk vi opp på eit utsiktspunkt. Derifrå fekk vi ein opplevelse av kor stor denne innsjøen er. Etter ein halvtimes tid i rolege omgivnader tok båten oss tilbake til Copacabana.

På kvelden før sola gjekk ned, tok vi turen opp på ein topp. Her fekk vi oversyn over byen og såg sola som var på veg ned i horisonten. Det var middagstid så deretter bar det ned til eit betre hotell der dei skulle ha god mat i følgje «Lonely Planet» si reisehandbok for Bolivia.

Vi blei sittande eit par timar og ete. Nokon valde fisk medan andre tok ostefondue til middag og sjokoladefondue til dessert.

Havna i Copacabana i det sola er på veg ned.

Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS