Google Website Translator Gadget

onsdag 5. januar 2011

På sommarferie i Sucre!

Då er jule- og nyttårsfeiringa over for denne gong og eit nytt år har begynt. Etter at eg har vore nesten to veker i Cochabamba er eg no reist til Sucre. 

I 2003 var eg fire veker i denne flotte byen i samband med ein studietur for klassen i «Tverrkulturell kommunikasjon» ved Mediehøgskolen Gimlekollen. Eg har gode minner herifrå og gledar meg over å vere her igjen.

Det er sommarferie på denne sida av kloden og eg har tenkt å feriere her nokon veker. Tida kjem mellom anna til å bli brukt til å ta språktimar i spansk. Elles er det mykje fint å sjå i denne byen. Berre det å studere folkelivet på «Plaza 25 de Mayo» er noko for seg sjølv... 

Sommer i Sucre, Bolivia.


Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS