Google Website Translator Gadget

søndag 9. januar 2011

«¿Puedes comprar comida para mi?»

«Kan du kjøpe mat til meg for eg har ikkje ete i dag?» 

Maribel, 10 år, Sucre

Kva svarar eg Maribel, ei jente på ti år, som kjem bort til benken eg sit på og spør meg om dette? Med Jesus som førebilete er det ikkje anna å gjere enn å seie «Si, claro» altså «Ja, klart det!» For det står i Matteus 25,35 For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tørst, og de gav meg drikke; eg var framand, og de tok imot meg; 

Kanskje var ikkje alt ho fortalde meg sant? Kanskje utnytta ho samvitet mitt for å få seg eit gratis måltid? Eg vel å tru at maten eg kjøpte til henne ikkje var bortkasta...

Då eg sa at eg ville kjøpe mat til henne spurde eg samtidig kvar ho ville at vi skulle kjøpe mat. Ho visste om ein plass, og gjekk til ein av dei litt dyrare pizzarestaurantane like ved «Plaza 25 de Mayo».

Maribel fortalde meg først at ho ikkje hadde foreldre og at ho budde hos bestemora si i Sucre. Ho sa også at ho ikkje gjekk på skule fordi dei ikkje hadde pengar til det. Hm, tenkte eg... Er dette noko ho har lært seg til å fortelje eller er det sanninga?

Ho viste meg inn i pizzarestauranten og gjekk rett mot eit bord. Så kom det ei servitrise med menyen. Maribel visste fort kva ho hadde lyst på. Ein pizza som heitte «Cruella». Så då bestilte eg den minste pizzaen og ei flaske vatn.

Medan vi sat og venta på maten så prøvde eg å få til ein samtale med henne. Eg spurde om litt forskjellige ting. Det kom fram at ho kom frå ein landsby eit stykke frå Sucre, og at ho berre hadde vore hos bestemora si her i byen ei veke. Vidare fortalde ho meg at foreldra henne budde i denne landsbyen, og at ho skulle tilbake dit i morgon. Kva skulle eg då tru? Ho var vel uansett svolten... og maten var jo allereie bestilt. Sjølv om kanskje ikkje alt ho fortalde meg var sant så var det meir truleg at sanninga var at ho ikkje hadde ete mat i dag...

Etter litt venting kom maten, ein pizza som var delt i fire. Eg sa at eg ikkje skulle ha noko fordi eg hadde ete lunsj kort tid før. Så spurde eg om ho ville ha eit heilt stykke, og det ville ho. Eg var ganske sikker på at ho ikkje ville klare å ete opp heile pizzaen aleine. Det ho då ikkje klarte å ete, tenkte eg ho skulle få med seg i ein plastikkpose. Og det er heilt vanleg at bolivianarar spør om å få ein pose for å ta med seg det dei ikkje et opp heim.

Då ho hadde ete heile pizzastykket så ville ho ikkje ete meir men ta med seg maten til bestemora si.... Og eg tenkte at det skulle ho få lov til, for no var jo dette hennar mat. Eg gjekk til kassa og betalte, og fekk med meg ein plastikkpose til å ha pizzaen i.

Det var dobbel pris av det eg sjølv hadde ete for tidlegare på dagen. Men eg tenkjer at det var jo laurdag, og pizza er nok ikkje det ho åt mest av...

Vi la maten i plastikkposen og gjekk ut. Eg hadde spurt henne medan vi sat ved bordet om å få ta eit bilete av henne. Det ville ho ikkje at eg gjorde mens ho åt, så eg spurde om eg då kunne ta eit bilete av henne utanfor etterpå. Det fekk eg lov til.

Då vi kom ut og eg gjekk med henne over til plazaen så sa ho plutseleg at det kosta 5 bolivianos for at eg skulle få ta bilete. Det sa eg at eg ikkje ville betale, for ho hadde jo fått mat av meg... Ho stilte seg opp ved ei fontene slik at eg fekk tatt eit bilete før ho sa «chao» og gjekk...

Så stod eg igjen litt fattigare på pengar, og hadde fått noko å tenkje på. Var det eg gjorde rett? Kunne eg ha gjort det betre på ein annan måte?

Det er eit møte mellom fattigdom og rikdom... Eit «øyeblikk» som gjer noko med meg...

Chech out more:
Mandagstema - «øyeblikk»
Weekend Reflections # 68

4 kommentarer:

Petunia sa...

Jge synes du gjorde det rette jeg da selv om hun var full av hvite løgner og ting kanskje ble til mens hun fortale.
Til syvende og sist er det kanskje hennes måte å overleve på..
Det er ikke lett dette å komme som "rik" inn i et land full av fattigdom og nød. Vi vil vel aller helst kanskje hjelpe alle, men det er jo en umulighet.

Melusine sa...

Jeg er enig med Petunia,
men tenker likevel på muligheten for at du kunne risikert å ha en flokk med barn rundt deg neste dag. Uansett er dette som du sier et øyeblikk som gjør noe med en :)

Inge sa...

En fin øjebliks oplevelse du har haft. :-)

Leif sa...

Du har fine fortellinger og refleksjoner.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS