Google Website Translator Gadget

søndag 16. januar 2011

«Vida y Esperanza»

Liv og håp for framtida...
«Vida y Esperanza»  betyr altså «Liv og håp». Kva er vel livet utan tru og håp? Bibelen seier i Hebrearane 11.1: «Trua er pantet på det vi vonar, vissa om ting vi ikkje ser. »

Eit ynskje for framtida, ein draum om at nokoskal forandre seg til det betre eller berre så enkelt som det å klare seg sjølv...

Kva slags framtid og håp har born utan foreldre? Dei som blir plassert på barneheim og overlatt til seg sjølv det året dei fyller 18 år?

Livet er urettferdig!
Nokon er født i velståande land og har alle føresetnader for å lykkast i livet. Andre kjem til verda under ringe kår med foreldre som knapt har pengar til maten dei treng for å leve. Kanskje faren brukar pengane på alkohol istadenfor andre viktigare ting? Dødsfall, vald og likanande kan vere årsaker til at born tidleg må klare seg sjølv,  og at for mange går vegen vidare til ein barneheim.

I Bolivia er det mange barneheimar. Ein del av desse borna rømmer eller forsvinn frå heimane og går over til eit liv på gata. Der det handlar om å klare seg frå dag til dag, og der både steling og rusmiddel er ein del av kvardagen. Har desse borna og ungdommane noko dei drøymer om og eit håp for framtida?

Å vere gateborn gir deg ingen rettar i eit samfunn som i t.d. Bolivia. Det er dei som er nederst i systemet. Dei har ikkje skulegong, ingen heim, ikkje dokumentasjon på kven dei er eller kor dei kjem frå. Likevel så er dei menneske og har same rettar som alle oss andre til eit verdig liv.

«Proyecto Nueva Esperanza» / «Prosjekt nytt håp»  samlar inn pengar til «Vida y Esperanza» i Cochabamba. Dei jobbar for å hjelpe born som har fått ein vanskeleg start på livet. Fattige born og dei som har komme skeivt ut fordi dei ikkje har foreldre som kan ta seg av dei og gi dei ein god oppvekst.

Arbeidet Vida y Esperanza gjer i Cochabamba handlar om å gje ei hand til desse borna og vise nestekjærleik i praksis. På dagsenteret som organisasjonen driv får borna undervising, samtalar med oppfylging, lunsjmåltid og leksehjelp. Det handlar om å sjå kvar og ein som eit unik menneske og vere ei støtte for dei på vegen vidare...

Read more about «Project New Hope» Cochabamba, Bolivia.
Les også innlegg frå kvardagslivet i prosjektet: «Eit steg vidare»

Check out:
Weekend Reflections # 69
Scenic Sunday 130
Moody Monday - shapely 
Nina Xi - fotoblogg: inspirasjon & kreativitet - nr 16
Fotokalender 2011 - januar

2 kommentarer:

cat sa...

Jag hoppas att det ändå ska gå bra för barnhemsbarnen även om de inte har några föräldrar.

Pysselfarmor sa...

Du har tagit temat baksida till ett djupare plan!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS