Google Website Translator Gadget

søndag 13. februar 2011

Sorata - eit «paradis» på jord

Sorata - eit «paradis» på jord
I dag har eg vore på tur til Sorata saman med mellom andre Camilla, norsk utsending, og direktøren i Misjonsaliansen i Bolivia. Det er fyrste gong eg har vore heilt nede i Sorata by, og det var ein flott opplevelse. Véret denne dagen kunne ikkje vore betre, med både sol og blå himmel... sjølv om det var litt skyer innimellom.

Vi drog til ein landsby som låg i åssida litt over sjølve Sorata by. Der skulle vi vere med på ei avslutninga og markering av eit kurs i handarbeid for kvinner. Dette er eit kurs Misjonsalliansen har vore med å arrangere for kvinnene.

Det dei har lært er å lage makrame som gjer at dei kan skaffe seg ei ekstra inntekt. I festlokalet vi var i hadde dei stilt ut mykje av det dei hadde lært å lage, og det var veldig flott handarbeid. 

Handarbeid - makrame

Sjal med makrame 
Ei lita jente i rosa sjal med fin makrame nederst.
Check out:
Pink Saturday
Color Carnival #78

2 kommentarer:

Gabriela Delworth sa...

Happy Pink Saturday!


Such a beautiful poncho!


~ Gabriela ~

Japol sa...

what a lovely shawl. i love the intricate design. looks hard to make.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS