Google Website Translator Gadget

onsdag 30. mars 2011

Avskjed med volontørane våren 2011


Då nærmar 31. mars seg og tida er komen for å ta avskjed med Bolivia, La Paz, Misjonsalliansen, Casa Alianza, volontørar og dei nye lokale venene eg har fått.

I dag var det siste «Casakveld» for meg. I morgon er den siste heile dagen her i landet, og så går flyet på torsdag morgon. 

Volontørgjengen som er her denne våren er ei god blanding. Ingebjørg og meg sjølv, Jan Halvard, har vore her sidan august i fjor og blitt kjende med to veldig forskjellige «kull». 

Anne Sofie er utdanna sjukepleiar og jobbar som volontør på eit helsesenter på El Alto.

Andreas har utdanning innan media og har delt volontørtjeneste mellom «Fotball krysser grenser» og arbeid på informasjonskontoret.

Tarald er gift med Åshild. Dei har med seg litle Håvard og brukar fødselspermisjonen til volontørtjeneste for Misjonsalliansen i Bolivia.

Ingebjørg er framleis lærarassistent i engelsk på to forskjellige skular på El Alto.

Maria er utdanna sjukepleiar og jobbar som volontør ved ein helsestasjon på El Alto.

Ylva har delt volontørtenesten sin mellom å vere lærarassistent i engelsk og arbeide med miljøsaker på Misjonsalliansen sitt kontor «Rio Seco», på El Alto.

Halvor er lærarassistent i engelsk på El Alto og har også arbeid på kontoret på Rio Seco, El Alto.

Jan Halvard, meg sjølv, har fram til eg reiser heim arbeidd på informasjonskontoret og skrive forskjellige saker til Misjonsalliansen sine nettsider og magasinet [tsjili]. 

Tida som volontør er inne i sitt sist siste døgn og eg vil med dette takke for meg og ynskje volontørgjengen lykke til vidare!

Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS