Google Website Translator Gadget

mandag 28. mars 2011

Siste helga i Bolivia...

Dette bilete tatt frå Ceja viser delar av byen La Paz, administrativ hovudstad i Bolivia. Her i denne spanande byen har eg no budd i sju månader og snart to veker. Dette er altså den siste helga mi her. Snart går flyet som skal ta meg tilbake til Noreg...

Det er rart og litt vemodig å skulle forlate dette landet no. Eg har etterkvart begynt å komme litt under huden på både folk og kulturen. Dette er både spanande og utfordrande, og eg ser og skjønar at eg ikkje forstår så mykje som eg gjerne tenkjer om kulturen og korleis tinga fungerar her. 

I dag var eg på gudsteneste i «Arca De Dios» for siste gong av dette opphaldet. Det var rart å ta avskjed. Ei av jentene eg har møtt der syns det var trist at eg no skal reise og sa ho ville komme til å felle nokon tårer. 

På vegen frå El Alto til La Paz i dag gjekk eg litt rundt på Ceja. Eg hadde lyst å ta bilete av La Paz derifrå, og det fekk eg til. Medan eg var der så kom tordenbygene nærare og nærare, og plutseleg var dei rett over. Då kom det både regn og halg, og det styrta ned. «Himmelen gret» har eg høyrt nokon seie om regnvér. Kanskje sende himmelen  over La Paz også nokon «tårer» sidan eg snart skal reise... 

Det kjennes rart, og trist å forlate folk som eg har blitt litt kjend med. Eg trur at det først er når eg har vore i Noreg ei stund at eg vil sjå kva eg har fått ut av dette opphaldet, og kva eg vil sakne frå Bolivia. Det er menneska som skapar eit land og kultur, og det er menneska eg har møtt her som eg kjem til å sakne... 

Eg syns tida har gått både fort og seint. Plutseleg er over 7 månader i eit anna land forbi. Samtidig tek eg med meg opplevingar og erfaringar som når eg tenkjer på dei gjer at eg syns tida har gått seint.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS