Google Website Translator Gadget

tirsdag 26. juli 2011

Noruega; Juntos en el duelo - Saman i sorga

Kristiansand, Noruega 
- flores, banderas y candelas para expresar solidaridad

Saman i sorga...  
  
 -   I bygder og byar rundt omkring i Noreg legg folk ned blomar og tenner lys for å vise solidaritet og eit ynskje om å stå saman i dette grusomme terrorangrepet som råka landet vårt - bomba i Oslo sentrum og masakren på Utøya den 22. juli 2011. 

På torget og utanfor domkyrkja i Kristiansand ligg det store mengder blomar saman med masse lys, flagg, bilete, teikningar og lappar med skrivne ord. 


Folk går saktare forbi hjørnet ved domkyrkjeinngongen i dag. Eg har stoppa opp ved alle desse blomane og tente lysa som menneske har plassert her. Det er gjort for å minnast dei som har mista sine liv og vise si medkjendsle til dei etterlatte. 

Medan eg står der kjem det stadig folk som stiller seg med ansiktet mot domkyrkjeveggen og ser på denne mengda av blomar som er lagt ned der. Det er ei roleg atmosfære. Nokon set seg ned. Atter andre berre er der... Stille. Saman med kvarandre. 


Eg opplevde denne stunda veldig spesiell - og fekk ei kjendsle av at vi som stod der var saman på ein god måte. Det kjendes som at vi er ein del av den store kjærleiken som vi berre kan vise når vi står saman... 


Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS