Google Website Translator Gadget

onsdag 10. august 2011

Morgonandakten i P1 - «Mikrokreditt og store verdiar»

Det er godt å kjenne at neste steg på vegen vidare er igang. Eg har fått meg jobb, flytta til ein ny plass og funne meg ein plass å bu. Som arbeidstakar må eg jo stille på jobb til rett tid. 

For å vere klar på til rett tid slår klokkeradioen seg automatisk på til dagsnytt kl. 05.30. Og deretter følgjer morgonandakten i P1 som eg pleier å høyre på. 

I dag høyrde eg noko interessant og som gjorde at eg spissa øyrene litt ekstra. Det handla om noko direktøren for ein av mikrokreditt-institusjonane til Misjonsalliansen i Bolivia hadde fortalt - om «de store verdiene banken hadde». Ikkje pengane, men trua på at kvar og ein av dei som søkte lån var deira brødre og søstre. Gud var deira far, og dei skulle møtast med respekt. Det er jo det som er diakoni, og gjer at det passar bra at mikrokredittinstitusjonen til Misjonsalliansen i Bolivia heiter «Diaconia».



Les eller høyr heile andakten her: 

Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS