Google Website Translator Gadget

mandag 5. september 2011

Reunion en Oslo - voluntarios de Mision Alianza




Denne helga har eg vore i Oslo, og laurdag 3. september var eg på Misjonsalliansen sitt volontørtreff. Der blei det servert kaffe, te, nybakte bollar og frukt. Og så fekk vi lunsj med ein god dose friidrett frå VM.

Vi som kom var 8 tidlegare volontørar med opphald på Filippinene, i Ecuador og Bolivia dette året året.  Utanom oss var ein representant for Ilimitado og vertsskapet frå Misjonsalliansen. Eg vil seie at eg syns dette var ei god og nyttig samling.

På programmet stod presentasjonsrunde, bilete frå dei tre landa og prat om erfaringar og opplevingar frå våre volontøropphald. I tillegg fekk vi med oss både Andreas Torkilsen og Jaysuma Saidy Ndure gjere sine finalar under VM i friidrett. 

Takk for samværet til de som var med!


Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS