Google Website Translator Gadget

onsdag 5. oktober 2011

Fyrste rad...

I kveld har eg vore på folkemøte i Stavanger om religion og utvikling i regi av Oslosenteret. 

Dette var det første møtet i ein serie som skal arrangerast rundt omkring i Noreg for å sette fokus på religion i møtet med bistand og utviklingsarbeid. Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim var med i panelet. Han hadde eit innlegg på nærare 16 minutt der han starta med å takka Digni, tidlegare Bistandsnemda, og Jørn Lemvik for deira initiativ som har ført til denne folkemøteserien. 

Panelet f.v.:  Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim, prost Kjetil Aano, 
 bistandsekspert Tanja Winther, religionshistorikar Anne Stensvold og filosof Lars Gule.

I nærare to timar varte ordskiftet som inneheldt mange forskjellige vinklingar rundt vår kristne tru, kultur, misjon, bistand og utviklingsarbeid i verda. Mot slutten vart det opna for innspel og spørsmål frå salen, og heilt sist reiste det seg ein mann som begynte å snakke spansk. Det viste seg at han var frå Bolivia og no var på besøk i Noreg. Han jobba med eit skuleprosjekt knytta til norske misjons/bistandsorganisasjonar i Bolivia, og reiste seg for å takke for støtta som Bolivia får frå Noreg. 

Før eg drog heim tok eg mot til meg og helsa på Hiberth Rojas med mitt spanske vokabular. Det gjekk bra, og eg fekk til ein fin samtale. Han heldt til i Santa Cruz og då eg fortalde at eg hadde vore i Bolivia og jobba for Misjonsalliansen, fortalde han at han kjende til denne organisasjonen. Og så spurde han meg om eg hadde tenkt meg tilbake til Bolivia, og viss eg skulle finne på det så måtte eg gjerne ta kontakt med han viss eg skulle trenge ein stad å bu... 

Gracias! Me gusta Bolivia! :-)

Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS