Google Website Translator Gadget

mandag 17. oktober 2011

Tore på sporet - Anita si reise til Bolivia...

Anita les i si eiga dagbok. 
Ei bok skrive berre til henne av hennar eigen pappa, gruveingeniør Christian Bøchman.
For ei tid tilbake surfa eg på nettet og kom over ein episode av tv-serien "Tore på Sporet" som gjekk på NRK i 2002. Eg blei sittande å sjå heile denne fantastiske historien om Anita si reise til Bolivia. Veldig rørande historie, og heilt utruleg at eit norsk ektepar drog til Bolivia i 1925... og oppi ein gruveby i fjella der vart Anita fødd. 

Denne episoden viser mykje av reisa Tore og Anita gjer tilbake til Bolivia. Dei er i Cochabamba og besøker saltørkenen Uyuni før dei dreg mot staden der foreldra til Anita søkte lykka. Det var utruleg rørande å sjå henne komme tilbake og finne grava til si eiga mor som døydde berre kort tid etter at Anita vart fødd. 

For dykk som får tilgang til NRK nett-tv kan de sjå episoden ved å fylgje denne linken: http://www.nrk.no/nett-tv/klipp/107510/

God fornøying!

1 kommentar:

Per sa...

er det mulig? Jeg har jo lest en del gruvehsitorie, og kom over et register fra 1920-tallet...der var det én nordmann registrert som jobbet i gruvene til Patiño. Nå er jeg litt spent på om det kan være faren hennes.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS