Google Website Translator Gadget

fredag 27. april 2012

Det skjer noe i hjernen vår når vi tenker på penger...

 Ilustración; dinero
Quien ama el dinero, de dinero no se sacia. Quien ama las riquezas nunca tiene suficiente.
¡También esto es absurdo!  
Eclesiastés 5,10 
    

«- I en vitenskapelig studie utført av Francesca Gino ved Universitetet i North Carolina er det påvist at det skjer noe i hjernen vår når vi tenker på penger, sier Kropf. 

- Vi blir mindre sosiale, samarbeider dårligere og blir mindre empatiske.»


Det er med gjenkjennande nikk eg skrollar nedover i saka eg har komme over i nettavisa til Stavanger Aftenblad. «- Dette var interessant!» tenkjer eg. 
Kan det vere  dette eg også kjenner på?  Det, noko udefinerte, som eg ikkje likar i høve til korleis eg opplev at mentaliteten i Stavanger-regionen har endra seg etterkvart som oljeindustrien veks og blir meir og meir dominerande...


«Ja, eg trur det.» Det kjennes ubehageleg... Eg syns det opplevast vanskeleg å kjenne på dette pengejaget ettersom eg ikkje har noko oljerelatert jobb. Min arbeidsgivar pompar ikkje opp olje og går ikkje med eit kjempestort overskudd som gjer at mi lønn aukar. Dei høge husprisane i regionen gjer at eg tenkjer det vil koste altfor mykje av livskvalitet og jag for å komme inn på bustadmarknaden her. Eg ynskjer i framtida å kunne sjå tilbake på eit liv som ikkje blei styrt av jag etter pengar til draumebustad og andre materielle goder. Eg vil leve etter nokon andre verdiar; som t.d. det å vekse som menneske og utvikle gode relasjonar. Kva med eit mål om å gjere verda til ein betre stad å vere for alle menneske?
Det er eit sitat eg legg ekstra godt merke til i artikkelen. Her står skrive at det skjer noko i hjernen vår når vi tenkjer på pengar, og ein studie har vist at det fører til av vi blir mindre sosiale, dårlegare til å samarbeide og mindre empatiske. Det skremmer meg å tenkje på dette. Korleis vil det då bli for menneske å bu i ein rik by i eit av dei rikaste landa i verda? Vil  folka då vere lykkelege?  
Saka tek opp nokon viktige poeng som er verdt å reflektere over syns eg. Har du lyst å lese heile saka «Flytter fra pengejaget» under fana «I dag diskuterer vi» finn du det her: 

 9 Den som er glad i penger,
          blir aldri mett på penger.
          Den som elsker rikdom,
          får aldri vinning nok.
          Også dette er forgjeves.
Bibelen, Forkynnaren 5.9
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS