Google Website Translator Gadget

fredag 14. desember 2012

Takk...

For dei fleste er det dagar der ikkje alt er like greit.
Då er det lett å sjå seg blind på det som
kjennes trist og leit.
Men ein dag eg hadde det slik,
vart likevel på takkeemner rik.
For sjølv på dagar som er grå, er det ting å
takka for,
hvis me det positive greier å få auge på.
Eg oppdaga etter kvart at alt var ikkje berre svart.
Det var nok av gode grunnar for at eg burde 
vere glad.
Då eg såg det, letta skodda rundt meg og eg bad.

Takk Gud for ein strålande morgon
med sol som skin frå ein himmel klar og blå.
Takk for god helse, at eg utan problem kan stå
opp fra mi seng og gå.
Eg kan både høyre og sjå.
Kan nyte synet av rødstrupen som sit så fin
på øyretippen til rådyret som stend på pynt
i hagen min.
Kjøttmeisa som nysgjerrig ser inn til meg
frå blomsterampelen utanfor kjøkkenglaset
og svarttrostparet på sin faste tur, på leit etter
frukost i graset.

Takk for min kjære pusekatt, som på sitt språk, 
kvar dag
helsar meg blidt «god morn» og ber om mat.
Når det er tomt på pus sitt fat,
set han seg i stolen atmed meg, for å ta ein
liten prat.
At han er fin og snill og god, det vil han gjerne
høyre,
og mæl tilfreds når eg stryk den mjuke pelsen
og kleier han litt under haka og bak øyret.

Takk for familie og gode vener, takk for maten
på mitt bord
og for rosene sitt blomsterflor.
Takk for at eg lever i eit land som er fritt,
med fred og ro rundt huset mitt.
Takk for at grunnmuren i vår nasjon
er den kristne tru, kultur og tradisjon.
Hjelp oss å hindre at dei fritt kan drive
som den grunnen prøve å rive.
Takk Gud for ein barndom der eg i heim og på
skule fekk lære
at du er min skaper som er verd all pris og ære.

Marie Oddny Rindal

Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS