Google Website Translator Gadget

søndag 19. mai 2013

Fagert er landet du oss gav, Herre, vår Gud og vår Fader!

Tenk så heldige vi er som bur i eit fritt og fagert Noreg!






Fagert er landet du oss gav, Herre, vår Gud og vår Fader!
Fagert det stig av blåe hav, Soli ho sprett og ho glader,
Signar vårt land i nord og sud; Soleis di åsyn lyser, Gud,
Yver vårt Noreg i nåde.

Tidi ho renn som elv mot os, Fort skiftar sumar med vetter.
Fader, ver alltid Noregs los, Radt til dei seinaste ætter!
Herre, vår Gud, vårt Noregs Gud, Varda vårt land fjell til flud, 
Lær oss å gå dine vegar!

Signa då Gud, vårt folk og land, Signa vårt strev og vår møda, 
Signa kvar ærleg arbeidshand, Signa vår åker med grøda!
Gud utan deg den vesle urt Veiknar og visnar, bleiknar burt,
Ver du oss ljoset og livet!

Tekst: Anders Hovden

Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS