Då er jule- og nyttårsfeiringa over for denne gong og eit nytt år har begynt. Etter at eg har vore nesten to veker i Cochabamba er eg no reist til Sucre.
I 2003 var eg fire veker i denne flotte byen i samband med ein studietur for klassen i «Tverrkulturell kommunikasjon» ved Mediehøgskolen Gimlekollen. Eg har gode minner herifrå og gledar meg over å vere her igjen.
Det er sommarferie på denne sida av kloden og eg har tenkt å feriere her nokon veker. Tida kjem mellom anna til å bli brukt til å ta språktimar i spansk. Elles er det mykje fint å sjå i denne byen. Berre det å studere folkelivet på «Plaza 25 de Mayo» er noko for seg sjølv...
| Sommer i Sucre, Bolivia. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar