alt som ikkje er så greit.
Verda er så full av urett,
det er ikkje berre lett.
I dag har eg fått ete mat
men ikkje alle har eit fat.
Hjelp meg til å sjå dei andre,
vis meg kva eg kan forandre.
Sjølv om eg er ein av mange,
lat meg ikkje bli ein fange
av all verdas kjøpepress
eller pengejag og stress.
Gje meg vilje til å gå,
lat meg vere med å så
slik at nokon her kan få
meir å bygge livet på.
Eg kan ikkje gjere alt,
men vil vere lys og salt.
Hjelp meg til å vise veg
slik at andre finn til deg!
Jesus kom som redningsmann.
Takk Gud at du sendte Han!
Amen
© Jan Halvard Edvardsen
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar