No livnar det i lundar
No livnar det i lundar, no lauvast det i li
den heile skapning stundar no fram til sumars tid.
Det er vel fagre stunder når våren kjem her nord.
Og atter som et under nytt liv av daude gror.
Guds kyrkja lysa skulle som høgt på berg ein stad.
Med sumar utan kulde og utan soleglad.
Guds ord vel alltid lyser, den sol gjeng aldri ned.
Det hus som Anden hyser, ligg støtt i ljos og fred.
Du var med ljose dager, med lengting liv og song!
Du spår at Gud oss lager ein betre vår ein gong.
Då me med vigsla tunga, med kjærleik heil og klår,
alt utan brest og sprunga skal lova Herren vår.
Tekst: Elias Blix
Melodi: L. M. Lindeman
Un cancion noruega sobre el primavera y el bueno tiempo cuando nuevo vida crecer en la naturaleza. Mi me gusta mucho :-)
Fotokalender 2011 - April oftograf: levende - tre
Un cancion noruega sobre el primavera y el bueno tiempo cuando nuevo vida crecer en la naturaleza. Mi me gusta mucho :-)
Fotokalender 2011 - April oftograf: levende - tre
1 kommentar:
Flott!
Et meget levende innlegg :)
Legg inn en kommentar