Eg som nordmann er vaksen opp med at det finst store og små elvar og bekkar i den norske naturen. Desse er allemannseige, og vatnet som renn er gratis. Reint og friskt vatn som ein kan drikke rett frå kjelda. Det skal vere lite fare for at det er eit stort internasjonalt selskap med fabrikk i nærleiken som har kvitta seg med sitt farlege avfall i elva.
Ein ting er at vi i Noreg er velsigna med stor tilgang på vatn. Noko anna er at tilgangen og fordelinga på vatn rundt omkring på jorda er veldig forskjellig. I enkelte landområde er vassressursane veldig små, og så kan det vere at desse kjeldene er utsatt for stor miljøforureining. Kva då? Vatnet som finst tilgjengeleg er farleg, kanskje kreftframkallande eller gifteg dødeleg. Og det gjeld sjølv om vatnet blir kokt.
I huset eg bur er det berre å opne vasskrana, så kjem straumen av vassdråpar. Eg kan sette glaset under springen og fylle opp. Og dette kan eg gjere så mange gonger eg ynskjer, heilt til eg ikkje lenger er tyrst.
Kort tid før eg drog frå Bolivia og La Paz såg eg ein film som handla om vasskrigen i Cochabamba for ein del år tilbake. Det handla om retten til desse livgivande dråpane. Og dei som først blir utesteng i slike saker er urfolk og dei fattige. Deira stemme blir ikkje høyrd for dei har ikkje sterke finansielle krefter i ryggen. Heller ikkje har dei andre verkemiddel som gir dei makt.
I Cochabamba blei kampen om vatnet ein kamp på liv og død. Framleis er tilgang og like rettar til vatn ei stor utfordring i verda. Kva kan eg som gjest i denne verda gjere for å betre desse tilhøva?
Her er ein artikkel som tek føre seg vatn, urfolk og situasjonen i Bolivia:
NRK: Kampen om vannet - http://www.nrk.no/kanal/nrk_sapmi/1.7639020
Weekend Reflections #87 Sooc Sunday Fotokalender 2011 - MAI
2 kommentarer:
Nice work to catch the motion of the water... Lovely picture.
Beautiful capture of motion.
Legg inn en kommentar