I Bolivia:
- betyr det lykke å gifte seg i årstal som er partal. Det vil seie at dette året, 2010, er eit godt år for å gifte seg her i landet.
- kan du invitere med deg vener i bryllaupet. På den måten vart Cathrine, Ingebjørg og eg invitert med i ein bryllaupsfest laurdag 4. desember 2010. Då var det Judith, venninne av bruda, som inviterte oss med i eit bryllaup ho var invitert i.
- er øl ein viktig ingrediens i katolske og verdslege bryllaup. I kristne bryllaup blir det ikkje servert øl.
- tømmer ein gjerne ølskvettane på gulvet, noko som etterkvart fører til både glatte og klissete gulv.
- er det personar som står klare med nal og mopp for å fjerne øldammen på gulvet , når den blir for stor eller at det til dømes går ei ølflaske i gulvet.
- foregår mykje av festen på dansegulvet. Ein dansar saman to og to, med god avstand, og ofte fleire i ring eller på rekke.
- er det brudeparet som først forsyner seg av middag og tek det første kakestykket.
- sovnar gjerne gjestene, dei eg såg var menn, som har drukke for mykje alkohol på ein stol.
Førsteinntrykk og opplevingar frå ei bryllaupsfeiring i La Paz, 2010.
Jan Halvard
Jan Halvard
Macro Monday # 120
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar