I Bolivia er det 12 år med obligatorisk skulegang. Først er det åtte år på «Primera» og deretter fire år på «Secundaria». Etter det kan vegen gå vidare til universitetet eller anna høgare utdanning.
Markeringa i dag framheva den eleven som hadde oppnådd best resultat av avgangselevane. Det blei markert med ein eigen innmarsj som første innslag i programmet. Vidare i programmet var det høgtideleg entré for kvar enkelt avgangselev. Dei blei fulgte til scenen av sin «padrino, tyder fadder, og på vegen fekk dei masse kvitt i håret...
Vel oppe på scena var det tid for talar, og deretter nasjonalsong med flaggheising. Etterkvart kom det til utdelinga av diplom og vitnemål.
Eleven vart høgtideleg ropt opp og gjekk så fram til bordet der lærar og rektor sat. Det første dei gjorde var å signere eit papir.
Deretter var det overlevering av diplom og vitnemål.
Festen heldt fram med familie, slekt og vener utover kvelden.
Dagen i dag har fått meg til å tenkje på kva utdanning eigentleg betyr og gir av sjansar. Det å fullføre 12 år med skulegang i Bolivia blir markert med verdi og status. Eit slikt vitnemål er nøkkelen til å kunne ta vidare utdanning og oppnå betre levekår for dei som kjem frå ringe kår på landsbygda...
På veg heim til Casa Alianza tok eg bilete av landskapet og himmelen i det sola gjekk ned. Er det dette som er den blå timen?
Det var iallefall ei flott naturoppleving å køyre gjennom dette landskapet tilbake mot La Paz...
God juleferie!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar