For å vere klar på til rett tid slår klokkeradioen seg automatisk på til dagsnytt kl. 05.30. Og deretter følgjer morgonandakten i P1 som eg pleier å høyre på.
I dag høyrde eg noko interessant og som gjorde at eg spissa øyrene litt ekstra. Det handla om noko direktøren for ein av mikrokreditt-institusjonane til Misjonsalliansen i Bolivia hadde fortalt - om «de store verdiene banken hadde». Ikkje pengane, men trua på at kvar og ein av dei som søkte lån var deira brødre og søstre. Gud var deira far, og dei skulle møtast med respekt. Det er jo det som er diakoni, og gjer at det passar bra at mikrokredittinstitusjonen til Misjonsalliansen i Bolivia heiter «Diaconia».
Les eller høyr heile andakten her:

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar