Denne helga har det regna masse her i La Paz og natt til søndag gjekk det eit ras i ein av dei fattige bydelane i byen. Mange menneske mista sine hus og heimar med alt dei eigde. Denne hendinga veit eg er gjort kjend i Noreg i fleire medier, og sjølv har eg lese om det i nettutgåver av norske aviser.
| Dette var ein gong ein bilveg... |
Eg fekk vere med ein delegasjon frå Misjonsalliansen på synfaring i området i dag. Der var det masse folk i arbeid med å bære ut ting. Det er om og gjere å utnytte det alt dei kan bruke fordi desse folka står igjen utan noko, og då har alt ein verdi.
Regn og overfløyming har den seinare tida gjort mange i Bolivia huslause. Og det er ofte dei fattigaste det går ut over. Dei har ikkje råd til å byggje husa sine kor dei vil, og må gjerne ta til takke med område som det ikkje er trygt å bygge i. Og når valget står mellom å ha eit hus eller å ikkje ha eit hus så er det ikkje tryggleiken som blir prioritert.
7 kommentarer:
Black and white is suitable for a subject like this. It must be so difficult in such a terrible situation.
j'aime beaucoup la premiere photo, ce paysage en b&w
Publicity ;o) Every Friday (and the Weekend), The Challenge "Walk In The Street Photography"
Yes that looks as chaos worth the name.
What a terrible mudslide. Chaos indeed.
Now that's chaos!
Looks unbearable.
My Shadow post, have a great week ahead.
so sad. that is total chaos and devastation.
Legg inn en kommentar